Kairo, mitt nabolag

Christian Stejskal er ein norsk fiolinist, fotograf og historieforteljar med base i Kairo.

I mulitmediaframsyninga tar han oss med på si eiga pilegrimsferd frå fødebyen Wien, via Jerusalem til den heilage byen Aksum i Nord-Etiopia. Reisa endar i Kairo, i Stejskal sitt eige nabolag, den såkalla «Garbage City».
Stejskal fortel på norsk om skjebnar han har møtt, samstundes som han viser bilete. Han akkompagnerer sjølv forteljinga med arabisk og eigenkomponert musikk på fiolin.

Framsyninga har mellom anna vore vist på Ibsenhuset i Skien, Preus fotomuseum i Horten og fleire stader i Skottland.

"Christian Stejskal har oppnådd noko ubeskriveleg vakkert i framsyninga «Mitt nabolag»." (Jane Berg, meldar i Three Weeks Edinburgh)

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: tirsdag 30. januar 19:00
Vaksne
Anna
http://www.mittnordhordland.no
http://christianstejskal.com