Informasjon om tryggleik og skredfarekartlegging på Votlo

I artikkelen kan du lesa meir om informasjon om tryggleik og skredfarekartlegging på Votlo.

Kort oppsummering

I samband med jordskredet som gjekk på Votlo 7.12.17 vart fleire hus i nærleiken av skredområdet evakuerte av politiet. Kommunen fekk bistand av NVE og SWECO til å vurdere den umiddelbare sikkerheita i området. Fredag 8.12.17 vart det vurdert som trygt for dei fleste evakuerte å returnere til husa sine. Eit mindre område som omfatta tre hus var av fleire årsakar ikkje tilrådelig å returnere til, eller ferdast i. Kart for dette området vart synt fram på folkemøte, publisert på heimesida og i aviser. Det vil sei at alle område utanfor denne avgrensinga er vurdert til å ha lågt sannsyn for skred og der kan ein ferdast – også på vegen nedanfor jordskredet. 

Måndag 11.12.17 vurderte SWECO det usikre området på ny og grunna usikker risiko for jordskred ved mykje nedbør vart bebuarane i dei tre husa sterkt oppmoda av kommunen om å ikkje flytte heim att før den endelege skredfarekartlegginga føreligg.

I tida før jul bestilte kommunen faresonekartlegging og vurdering av overvassituasjonen i området, samt droneflygning/terrengmodellering av området (for betre grunnlagsdata), og ei geoteknisk vurdering av stabiliteten i det aktuelle området, inklusive forslag til sikringstiltak. Samstundes oppmoda kommunen alle som hadde relevant informasjon om tilhøve på eiga tomt eller om eventuelle hendingar i området å ta kontakt.

20.desember var geologar på synfaring i Votlo og i tillegg til å undersøkje sjølve skredområdet har dei kartlagt fleire eigedommar i bygda.

Grunna ekstremver – varsel om flaum og jordskredfare på orange nivå 22. og 23.desember fekk bebuarane i det utsatte området melding om å utøva varsemd og helst ikkje opphalde seg i området/husa sine.

Tryggleik

Etter synfaringa til geologane er det ingenting som tydar på akutt fare for nye jordskred utanfor det råka området. Det er observert nokre setningsskadar, dårlege murar og bratte graveskråningar som bør utbetrast, men ingen av desse er rekna for å utgjere akutt fare for liv og helse. 

Innanfor det råka området så opprettheld kommunen tilrådinga om å ikkje flytte inn i husa inntil reel fare er klårgjort og eventuelle sikringstiltak er utført. Faren for nye skred aukar ved langvarig og intens nedbør, og kommunen i samråd med SWECO rår derfor bebuarane i dette området å følgje med på ekstremvarsel og varsom.no. Om det blir meldt fare for flaum og jordskred frå gult nivå (faregrad 2) og oppover bør ein halde seg unna området inntil vidare.

Arbeidet til geologane vil resultere i ein rapport og eit skredfarekart med sannsyn og sikkerheitsmarginar sett i byggteknisk forskrift. Først når denne rapporten er klar kan ein sei meir om risikoen/tryggleiken knytt til det råka området og dei friviljug evakuerte husa. Geotekniske undersøkingar vil leie til råd om sikringstiltak og eventuell prosjektering.

Vidare arbeid

Representantar frå kommunen, ingeniørar og geolog vil synfare området ytterligare og snakke med nokre grunneigarar i veke 1 og 2. Deretter vil det medgå litt tid til analyser, vurderingar og rapportskriving.

Når skredfarerapporten, overvassvurderingane og dei geotekniske undersøkingane er ferdigstilt vil kommunen orientere om resultata og vurdere kva tiltak som bør utførast. Nokre av tiltaka er av privatrettsleg karakter og enkelte grunneigarar må pårekne å utføre desse sjølv. Dei vil få informasjon om dette. Større tiltak som er avgjerande for den overordna tryggleiken i området vil det truleg kunna søkast tilskot til frå NVE for å få gjennomført, og kommunen vil truleg koordinere dette arbeidet.

Meir informasjon kjem så snart undersøkingane er ferdige og kommunen har oversikt over naudsynte tiltak.

Sperreområde Votlo

Bilete: Oversikt over det usikre området.

 
Web levert av CustomPublish