Kompensasjon av meirverdiavgift

Du kan no søkja om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.

 

Søknadsfristen er 1. mars 2018.

Søknader leveres elektronisk på eige søknadsskjema via Lotteri- og stiftelsestilsynets sine heimesider: https://lottstift.no/nb/tilskuddsordninger/om-momskompensasjon-idrettsanlegg/.

Alle som skal søkje om kompensasjon bør merke seg følgjande to punkt:

  •  Ordninga omfattar alle som søkjer om spelemidlar og oppfyller vilkåra for å motta spelemidlar gjennom Kulturdepartementets sine tilskuddsordningar for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, med unntak av kommuner/fylkeskommuner og kommunale foretak. Spelemiddelsøknaden må vere formelt i orden før søknad om kompensasjon kan innvilgas.
  •  Anlegget må vere ferdigstilt før det kan søkas om kompensasjon. Rekneskapsskjema og revisorrapport skal inngå som vedlegg til søknaden og må oversendas innan søknadsfristen.

 

Bestemmelser om kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg - 2018

Web levert av CustomPublish