Osterøy Pedagogisk Psykologisk Teneste - PPT

PP - tenesta er ein medhjelpar til barnehage og skule i deira arbeid med å leggja opplæringa betre tilrette for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

Vår praksis er forskingsbasert og vi arbeider systematisk med kompetanse – og organisasjonsutvikling.

Osterøy PPT arbeider førebyggande og nært med våre samarbeidspartnarar med fokus på inkludering.

Vi er tett på barnehagar og skular, og har organisert oss som kontaktpersonar. Formålet med dette tiltaket er å komme tidleg inn for å kunne bidra til at kvaliteten på det ordinære tilbodet aukar. Som verktøy nyttar vi til dømes pedagogisk analyse.

Osterøy PPT er  oppteken av at dei borna som treng spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp skal få det. Gjennom blant anna vårt sakkunnige arbeid ynskjer  vi å bidra til å heve kvaliteten på det spesialpedagogiske tilbodet.

Drøftingspartnar

PPT er ein drøftingspartnar og samarbeider med skule, foreldre og elevane knytt til læringsmiljøet som gjeld tryggleik og trivsel på skulen.

I barnehagen er PPT oppteken av å delta i arbeidet med utvikling av gode barnehagemiljø, som fremjer eit inkluderande og stimulerande miljø kor alle born skal oppleve å bli sett og inkludert i leik. 

Den einskilde barnehage og skule kan hjelpe deg til å ta kontakt med PPT, eller du kan ta direkte kontakt sjølv.

Under skjema på menylista på høgre side finn ein søknadssenteret, eller ved å klikke her.

Web levert av CustomPublish