Skilting av vegane på Osterøy

Arbeidet med skilting av vegane har starta. Alle vegar skal ha vegnamnskilt og nummertilvisingskilt til eigedomar som ikkje er synlege frå, og ikkje grensar til fellesveg. Ein må ikkje ta i bruk ny adresse før ein har fått melding om at det er klart - sjå nedanfor.

Skiltinga startar i Lonevågsområdet og heldt fram i Hauge- og Hjellvikområdet.  Kor lang tid det tek er vanskeleg å sei, vert det mykje frost med snø og is kan arbeidet verta forseinka.

Kommunen set opp skilt langs fylkes-, kommunale og private vegar.  Det er laga skiltplan for arbeidet. Planen er kvalitetssikra i terrenget,  og det vart  merka med raudt der skilta skal stå. Stolpane vert festa med jordspyd,  fjellfeste eller ein brukar eksisterande stolpar og skilt.

Dersom ein har merknader til skiltinga kan ein ta kontakt med Osterøy kommune på tlf. 56192100 eller e-post post@osteroy.kommune.no  evt.  ta kontakt med folk på staden. Det er kommunalt tilsette som set opp skilta.

Når skiltinga for dei første områda nærmar seg slutten vert det sendt ut enkeltvedtak med vegnamn og husnummer til alle innbyggjarane som får ny adresse. Husnummeret er viktig for at kjente og ukjente raskt finn fram til eigedomen, t.d. ved utrykkingar. Skilta må difor vere utforma og plassert slik at dei er lette å finne og lette å lese, også når det er mørkt. Av den grunn krev me at huseigar går til innkjøp av standard husnummerskilt slik som beskrive i Statens Kartverk sin «adresseveileder» og husnummerskilt skal sjå slik ut:

Klageadgang
Vedtak om vegnamn er endeleg og kan ikkje påklagast. Innan tre veker etter vedtaket er motteke kan det derimot klagast på:

  • Kva for ein adresseparsell/veg bygningen/eigedomen er adressert til

  • Feil tildelt husnummer eller brukseiningsnummer


Er skilt misvisande, vert fjerna eller skadd – ta kontakt med kommunen!

Web levert av CustomPublish